In this article, the focus is on creative dance in school, democratic teaching and co-determination. Teaching dance in Norway has a low standing and corresponds to a small fraction of the curriculum’s intentions and goals. However, research indicates that students have a desire for greater involvement. The study, therefore, investigates what happens when secondary school students participate in an artistic dance project led by professional dance instructors. The students were expected to be active participants in the creation and performance of dance art. There was a particular focus on whether the students experienced co-determination, whether the pedagogical approach could be characterised as democratic teaching as well as what this meant for the students’ learning in the process. The methodological approach was qualitative, comprising personal interviews with 17 students who participated in the project. The analysis shows that most students had little experience with creative dance prior to the start of the project. They experienced the project as «strange and unusual» at first and «natural, fun and educational» thereafter. All students experienced codetermination. The dance project can be an example of democratic teaching, whereby students express an enhanced sense of opinion and attitude towards dance as an art form. It also indicates a possible way in which to realize the curriculum’s goals and intentions regarding dance as creative and aesthetic expression.

 

I denne artikkelen blir det sett fokus på skapande dans i skulen, demokratisk undervisning og medbestemmelse. Danseundervisninga i Noreg står svakt og samsvarar i liten grad med læreplanen sine intensjonar og mål. Forsking syner at elevane ynskjer større medverknad. Studien undersøkjer kva som skjer når ungdomsskuleelevar deltek i eit kunstnarisk danseprosjekt leia av profesjonelle danseinstruktørar. Elevane skulle vere aktive deltakarar i skaping og framføring av dansekunst. Det vart særleg sett fokus på elevane si oppleving av medbestemmelse, om den pedagogiske tilnærminga illustrere ei demokratisk undervisning og kva dette kan bety for elevane si læring i prosessen. Metodologisk tilnærming var kvalitativ og det var gjennomført personlige intervju med 17 elevar som deltok i prosjektet. Analysen viser at dei fleste elevane hadde liten erfaring med skapande dans før prosjektet starta. Dei opplevde opplegget som «rart og uvanleg» i starten, men etter kvart «naturleg, kjekt og lærerikt». Alle elevane opplevde medbestemmelse. Danseprosjektet kan vere eit eksempel på demokratisk undervisning der elevane uttrykte ei forsterka meining og haldning til dans som kunstform. Det kan og syne ein måte å realisere læreplanens mål og intensjonar med dans som skapande og estetisk uttrykk.

 

 

Back to front page